Site icon Museumsnett

Herdla Museum



Fylke: Hordaland
Type: Museum

Kategori: Natur, Historie

 

Gul 16 - frå kampfly til kulturminne
Den 15. desember 1943 tok det tyske jagarflyet Gul-16 av frå Fliegerhorst Herdla. Først 64 år seinare returnerte det. Du kan få sett Gul- 16 i ei eiga utstilling på Herdla fort. Her får du også heile historia om flyet sin lagnad.

Herdla - natur og historie
Med Flyhallen Gul-16 som utgangspunkt, kan du bli betre kjent med ei lita øy som har mykje spennande å by på. Etter eit besøk vil du forstå kvifor Herdla har så unik natur, flotte strender og rikt fugleliv. Du vil også få eit godt innblikk i øya si dramatiske krigshistorie. 

Herdla torpedobatteri
Inntil for få år sidan var Herdla torpedobatteri eit topp-hemmeleg forsvarsanlegg. No er det fullt utrusta batteriet freda som kulturminne og du kan gjennom ein guida tur få ei tidsreise tilbake til den kalde krigen.

Kontakt:

Tlf. +47 99 38 73 94    /    +47 97 09 47 29

herdla@museumvest.no

Postadresse:

Herdla Museum

Herdla Fort

5315 Herdla