|
Osterøy museum er eit kulturhistorisk museum for Osterøy og dei
næraste bygdene. Museet skal samla, ta vare på og
elles dokumentera kulturminne frå dette området.
Museet, som vart skipa i 1920, ligg vakkert til på ein
sandbanke på Gjerstad. På tunet med i alt 10 tilflytta
bygningar, kan du henta kunnskap og kveik anten du vil søkja
deg attende til det gamle bondesamfunnet, vil oppleva skulestellet
på veglause stader i Osterfjorden, eller du vil oppdaterast
på nyare tids industri og handverk. Sundagskafé
med spesialiteten stompekaker.
Her
kan du gå til Osterøy museum sine eigne sider på
internett
Siste nytt:
OLE BULL OG VENNENE HANS - Onsdag 17. mars kl 19.00
 |
Distriktsmusikarane på Voss har sett saman eit variert program for å feire jubilanten Ole Bull. Som tittelen antydar blir det ikkje berre Ole Bull ein får høyra på denne konserten, men også venner og kjente. Ole Bull var jo verkeleg ein døropnar i si tid, og gjennom han kom kulturlivet i Europa litt nærare oss her i nord. Han er på mange måtar ein direkte link til mange av dei største komponistane.
Konserten vil gje eit bilde av kva Ole Bull møtte på reise i Europa og også visa tradisjonane heimefrå som han heile tida hadde med seg.
Med: Øystein Haga, fløyte, Helga Hjetland, fiolin, Karianne Stangenes Søvig, piano og Kristine Solberg, cello. I samarbeid med Ole Bull 2010 |

Sjå nettutstillinga "Sjekk det håret" her.
CRIMPLENEUTSTILLING PÅ OSTERØY MUSEUM
EI VANDRING I GARDSLANDSKAPET
Ny kultursti på Gjerstad, alltid open! Info og faldar ved Gjerstad kyrkje.
TROLLDOM-CD
No er cd-en med Trolldom som musikkhøyrespel komen!
Kan førebels kjøpast på Osterøy museum
pris kr 180.
Strikkeoppskrifter med minne - Nettutstilling , Osterøy
Museum
| Velbrukte oppskrifter ligg gjerne
i skåp, skuffer og plastposar. Når dei vert
henta fram, kan dei ofte fortelja ei lita historie. Osterøy
museum har fått Berta Vevle til å leite fram
ein del av strikkeoppskriftene sine. Sjå
utstillinga her. |

|
Sjå i kalenderen i venstre marg for komande aktivitetar |
|