På Norsk Trikotasjemuseum får du vera med på
ei omvising i den gamle fabrikken. Du kjenner lukta som heng
igjen i veggane etter hardt arbeid og lang produksjon, og du
får sjå det gamle karderiet, spoleloftet, strikkeloftet
og syloftet og oppleva dei gamle maskinane i sving. Du får
også sjå filmen om Salhus der tidlegare arbeidare
fortel om korleis det var å jobba på fabrikken.
Salhus Tricotagefabrik blei etablert i 1859, og i 2001 opna
Norsk Trikotasjemuseum i lokala til den gamle fabrikken. Trikotasje
betyr strikka tekstil, og fabrikken produserte plagg i bomull
og ull fram til fabrikken stengde i 1989. Kanskje kjenner du
varemerket Krone, kvalitetsmerket på undertøyet
som kjem herifrå?
Me har også skiftande utstillingar, museumsbutikk og
ein enkel kafé med varme smårettar om sommaren
og på søndagar.
Siste nytt:
NY UTSTILLING: 14.mars kl.13:00: There is no place like here
 |
14.03 - 17.04. 2010
UTSTILLINGSÅPNING
søndag 14. mars klokken 13.00
Åpning ved Marianne Skjulhaug, rektor på Bergen Arkitektskole
Musikk ved Marte Dæhlen
Opplesning og historier fra Kulturell veving.
Les mer her. |
OPNINGSTIDER I PÅSKA 2010
29.3: stengt
30.3: stengt
31.3: stengt
1.4: skjærtorsdag: kl.12-16
2.4: langfredag: kl.12-16
3.4: påskeaften: stengt
4.4: 1.påskedag: kl.12-16
5.4: 2.påskedag: stengt
KULTURMINNELØYPE
 |
Nå kan du finne ut om livet i Salhus ved å gå vår nye kulturminneløype.
Den starter på fabrikkveggen til Norsk Trikotasjemuseum og frå den kan du gå vidare dei ni neste postane som er fordelte på området rundt fabrikken.
Les om livet til arbeidarane og sjå inn i vindauga i den gamle arbeidarbustaden og skulehuset. |
Du får også vite litt om korleis det var å jobbe på fabrikken. God tur!
Les meir her. |
NY PUBLIKASJON FRÅ NORSK TRIKOTASJEMUSEUM
 |
Peter Forrás:
“Vi behøver ikke at passe på arbeideren, vi passer kun paa arbeidet” Arbeid og rasjonalisering i Salhus Tricotagefabrik 1920-1967.
Til sals kr 198,- |
NORSK TRIKOTASJEMUSEUM I NRK-SVEIP
Her kan du sjå innslaget frå 18.8.09 på nett-tv.