Museumssenteret i Hordaland

Utvandringssenteret


logo Lyngheisenteret

Information in English

Førstesida muho.no

Eigne nettsider

Kontaktinfo

Opningstider

Kulturminne-registrering

Årets museum 2007

 


Lyngheisenteret

Om   Lyngheisenteret 

Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er eit informasjonssenter om kystlandskapet. Her kan du vandre på tilrettelagde stiar i eit historisk landskap slik det har vore på kysten i 5000 år.

Lyngheiane er Europa sitt kulturlandskap mot Atlanterhavet, frå Potugal i sør til Lofoten i nord. I dag står denne særmerkte naturtypen i fare for å forsvinna. 

Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er oppretta for å ta vare på kysten sitt kulturlandskap og for å hegna om den kunnskapen og dei tradisjonane som knyt seg til bruken av dette landskapet. 

I dag held lyngheiene i Norge og Europa på å forsvinne, 90 % er alt borte på grunn av oppdyrking, forureining og tilgroing. På Lygra er lyngheiene verna gjennom aktiv gardsdrift.

Her kan du gå til Lyngheisenteret sine eigne sider på internett for meir informasjon.

Siste nytt:

KREATIV TOVEHELG PÅ LYNGHEISENTERET 26.-28. MARS
tovekurs

”Kreative utrykk med bruk av Farge og ULL

Instruktør: Karin Flatøy Svarstad.
Stad: Lyngheisenteret
Karin Flatøy Svarstad har arbeidd med ull i meir enn 25 år. Ho er kunsthandverkar og kulturformidlar med ull som hovudmateriale.

På dette kurset får ein innsikt i ulike filte/toveteknikkar og prøver ut flere ullkvalitetar, blant annet ulla fra Villsauene som heldt til i området rundt Lyngheisenteret.  Meir om helga her. 
 

jul på Lyngheisenteret

 

LYST Å JOBBE PÅ LYNGHEISENTERET?

Vi teng ekstrahjelper - les meir her.

 
Sjå meir på Lyngheisenteret sine eigne nettsider her.
Her kan du sjå gamalt nytt.

barn på Lyngheisenteret

utstilling

sal

dagsopplegg

 

Kontakt webmaster Sist oppdatert: 19-feb-10