Museumssenteret i Hordaland

Utvandringssenteret


english version

Førstesida muho.no

Oppslagstavle

Bilder

Kontaktinfo

Lenker

Årets museum 2007

 


Kulturverntenesta i Nordhordland

Som del av Hordaland Fylkeskommune sitt faglege nettverk innan kulturminnevern er det frå januar 2006 tilsett ein sivilarkitekt med ansvar for kulturverntenestene i Nordhordland. Frå før er det tre andre slike stillingar i Hordaland; i Sunnhordland ved Sunnhordland Folkemuseum, i Hardanger ved Hardanger Folkemuseum og i Bergen ved Gamle Bergen Museum.

Kulturverntenesta er eit gratis tilbod til private og kommunar i Nordhordland og skal gje råd, vurderingar og rettleiing i samband med vern og bevaring av freda og verneverdige bygningar og andre faste kulturminne.



Synfaring og kjennskap til objektet er ein føresetnad for å kunne tilrå tiltak m.o.t vern og bevaring. Frå Hjertås i Austrheim 2006.

Tenester:

  • antikvarisk rådgjeving i Nordhordland
  • gje råd og rettleiing m.o.t. utarbeiding av restaureringsplanar for private eigarar av freda  og verneverdige bygningar
  • yte hjelp og rettleiing med omsyn til å skrive søknadar om offentlege midlar
  • oppfølging av istandsetting av verneverdige bygg med offentlege midlar frå Hordaland  Fylkeskommune
  • kulturminnefaglege fråsegn i regionen etter oppdrag frå Hordaland Fylkeskommune
  • innsamling og systematisering av dokumentasjonsmateriale om faste kulturminne og   kulturmiljø i Nordhordland
  • antikvarisk vurdering av tiltak på Museumssenteret sine bygningar
 

Rapport 42 2007 NIKU Stue i Husebø, Meland komm. (pdf) (31 647 kB)

 

Kontakt webmaster Sist oppdatert: 18-feb-10