| Havrå ligg lunt og sørvendt
på Solstranda på Osterøy. Jorda er fruktbar
og mange varmekjære plantearter veks i dei bratte liene.
Med utsyn over Sørfjorden ligg garden Havrå midt
i eit særprega kulturlandskap. På garden er klyngetunet
og den gamle teigdelinga framleis intakt.
Garden er eit unikt minne om gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv
på dei mangbølte vestlandsgardane. Garden har ei
lang historie, og er freda som kulturmiljø.
Her er drift på 3 av bruka med gamle norske husdyrrasar, korn og potetar.
Opningstider:
Havrå er ope for publikum juni - ut september:
søndag: kl. 12 - 15 (omvisning kl 12.00 og 13.30)
Utanom opningstidene er det ikkje tilgjenge for publikum
utan etter avtale
Siste nytt:
NRK på Havråtunet
Her
kan du sjå innslaget frå Vestlandsrevyen 17. juli 2008.
|