Museumssenteret i Hordaland

Utvandringssenteret

 

Førstesida muho.no

Oppslagstavle

Bilder

Raritet

Kontaktinfo

Lenker

Årets museum 2007

 


Felleskonservator for teknikk og industri i Bergen

Felleskonservatoren er ei teneste knytt til Norsk Trikotasjemuseum, som har rettleiingsansvar for vernearbeidet innan teknisk og industriell historie i Bergen. Tenesta skal i første rekkje vere eit tilbod til dei frivillige organisasjonane.

Rådgjeving

Privatpersonar, foreiningar, organisasjonar, etatar og museum som forvaltar samlingar av teknisk eller industriell karakter vert oppfordra til å kontakte oss for råd og rettleiing i enkeltsaker t.d. søknadsskriving, planegging av utstillingar m.m.

Seminar

Det vert arrangert faste seminar innan ulike tema f.eks. registrering og oppbevaring av foto, materialkunnskap, registrering og oppbevaring av gjenstandar, innsamlingsplanar, arkivkunnskap m.m.


Seminar om registrering av gjenstandar

Seminar om preventiv konservering

Internettportal for Bergens tekniske og industrielle historie

I 2004 oppretta MiH ein felles database for dei tekniske og industrielle samlingane i Bergen. Føremålet med databasen er både å gje eit oversyn over kva som er teke vare på og å sikre dei historiske opplysningane om materialet. Gjennom ein felles internettportal skal samlingane så presenterast på Internett, der publikum kan søkje frem opplysningar om dei ulike gjenstandane som ligg i databasen.

I oppstartsperioden har dei første deltakarane fått innføring i  dei ulike trinna i dokumentasjonsarbeidet og i bruk av registreringsprogrammet Primus.

 
OFFISIELL ÅPNING AV WWW.TEKNIKKBERGEN.NO

Torsdag 22. januar åpnet utstillingen i Bergen Rådhus med offisiell åpning av nettstedet av byråd Henning Warloe.
Teknikk og industri i Bergen. Se artikkelen på bt.no her. Her på www.teknikkbergen.no kan du se nettstedet.

www.teknikkbergen.no

Kontakt webmaster Sist oppdatert: 18-feb-10