Bevaringstenestene er del av det konsoliderte museet Museumssenteret
i Hordaland. Hordaland fylkeskommune har utarbeidd ein eigen
plan for etablering av bevaringstenestene.
Konservering
Musea i Hordaland har hatt tilgang på tenester innan tekstilkonservering
sidan 1978. Tekstilatelieret har fokusert på førebyggjande
konservering, noko som har gitt gode resultat for bevaringa av
tekstilsamlingane ved musea. I tillegg har atelieret opparbeidd
seg ei ekstern kundegruppe som er i stadig vekst. Dei komande
åra skal Bevaringstenestene utvidast til konservering av
fleire materialtypar innan kulturhistorisk gjenstandsmateriale.
Magasin
For at konserveringsarbeidet skal ha nytte på lang sikt,
må gjenstandane lagrast i magasin som er tilrettelagde
for ulike materialtypar. Mange av musea i Hordaland har for
lite areal til magasin, og mange av desse areala er i tillegg
lite egna som magasin. Dei færraste av magasina har klimakontroll.
Bevaringstenestene skal tilby dei konsoliderte musea i Hordaland
magasinareal av høg kvalitet for det viktigaste gjenstandsmaterialet
ved musea. Magasina vil få fleire klimasoner som er tilpassa
dei ulike materialtypane som metall, pels/lær, organisk
materiale og foto.
Siste nytt:
MUGGSOPP I SAMLINGER OG BYGNINGER
 |
Hva finnes av muggsopp i bygninger, arkiv og materiale? I hvilken grad er de farlige for helse og skaper problem for forvaltning av samlinger?
Det var spørsmålet på fagdagen som ble arrangert på Bryggens Museum fredag 8.januar. Arrangementet var et samarbeid mellom Bevaringstenestene og Bergen Museum.
Mer om seminaret finner du her. |
NORGE RUNDT PÅ BEVARINGSTENESTENE
Her kan du sjå innslaget frå 14.8.09 på nett-tv - 12 min og 30 sek. ut i sendinga.
SJÅ GLASKONSERVERING VED BEVARINGSTENESTENE
Konservator Anne Bjørke har hatt besøk av nrk. Innslaget på Vestlandsrevyen ser du her.
VEIEN TIL SALIGHEDEN
 |
Boka ”Veien til Saligheden” frå 1600-tallet vart høgtideleg pakka ned og magasinert av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under den offisielle opninga av det nye Fellesmagasinet for museene i Hordaland tysdag. |
Sjå artikkelen til Hordaland fylkeskommune her. Her ser du artikkelen til Bergens Tidende.
NRK MED PÅ LASSET FRÅ BYMUSEET TIL BEVARINGSTENESTENE
Her kan du sjå innslaget frå Vestlandsrevyen 11.03.09.
Her kan du sjå
gamalt nytt