Kvardagsspor i landskapet

Museumssenteret i Hordaland


MiH

Førstesida

Osterøy

Austrheim

Bergen

Lindås

osv...

 


Kulturminne - noko å dela med andre!

Kulturminne er spor etter menneska, altså ikkje berre ting som er freda, eller gamle graver og slikt. Det me har minne om og kjensler til er også kulturminne: hus, tre, grind, mjølkeplass, åker, leikeplass eller veg - eller heilt andre ting.

Våre eigne minne vert enda betre når me deler dei med andre!

Å ta vare på minne og kunnskap frå vår eiga tid eller eldre, er viktig både for oss sjølve og for dei som kjem etter oss. Med bakgrunn i denne tanken har Osterøy museumslag og Osterøy museum starta ei registrering av nyare kulturminne på Osterøy. Med på laget er Hordaland fylkeskommune, Osterøy kommune, Osterøy sogelag og Vener av Mjøsvågen. Når me vert kjende med kulturminna våre, ligg dei kanskje ikkje berre i vegen?

I venstre marg finn du registreringar frå dei ulike kommunane. Førebels er det kun Osterøy kommune som er i gong.

Frå vandringa på Mele ein kald vårdag. Her er noko å merka seg!

 


Kontakt webmaster Sist oppdatert: 23-feb-09